Dersom ein kun sit inne og jobbar med diplomen gjer det ikkje så stor forskjell kvar ein befinn seg i verda. Er ein utvekslingsstudent har ein dermed ein veldig bra unnskyldning for å ha eit aktivt sosialt liv, for ein må jo ``oppleva landet''. Sjølv har eg lagt meg til aktive kafevanar i vekene og klubbvanar i helgene. Eg har endt opp med eit sosialt nettverk som består vedlig mykje av arkitektstudentar og industriell design-studentar. Desse har rykte på seg for å vera noko meir frika enn resten. Miljøet er ganske som 3B i Trondheim. Eg trivest bra med det.
Eg fekk ein sosial pangstart her første veka. Då var eg nemleg på ein svær fest i eit okkupert rekkehus (!). Fire leilighetar pluss hagen var brukt til festen. Kvar leilighet hadde eit nytt band eller ein ny DJ, og alt som kunne krypa og gå av sære folk i Delft var der. Eit par av folka eg møtte der tilhøyrer framleis det sosiale nettverket mitt. Denne festen vert arrangert kvar haust, så er du i Delft i september, sørg for å få med deg denne.
Okkupering er generelt veldig populært i nederland, og har ein først okkupert eit hus så må ein jo også halda nokre sinnsykt bra festar. Det sei seg sjølv. Eg angrar no på at eg aldri har prøvd å infiltrera meg i Svartla'mon-miljøet.
På den andre sida av skalaen har ein også nokre superkonservative studentforeingar i Delft. Dette er gutteklubbar (det fins visstnok eindel jenter der også, men dei er ikkje tekne med i stereotypien) der ein går rundt i dress og drikk pils og hersar med aspirantane, dvs førsteårsstudentane. Men slikt driv jo ikkje eg og mine nærmaste med.
For dei med heimlengsel fins det og eit oppegåande norskt miljø her. Eg trur det er omlag 30 norske studentar i Delft, og mange av dei har ein tendens til å flokka seg saman. Eg prøver å unngå dei for å få litt meir utanlandsfølelse, så dei synest sikkert eg er ein uforskamma drittsekk.
Uteliv ellers består av kafegåing på vekedagane (Cafe Tango er favoritten), disco på Koornbeurse (studentdreven uteplass) på fredag og eitelleranna på laurdag. Torsdag er største dagen for klubbing - då dreg mange til Rotterdam (10 min. med tog) og discoar på Nighttown. Andre plassar som kan anbefalast (togavstand i parentes): Paard i Den Haag (7 min), Tivoli i Utrecht (1 time), Mazzo, Escape og de Rokerij (coffeeshop) i Amsterdam (52 min).
For dei med sans for litt meir danna kultur har Delft med omegn og ein del meir å by på enn Trondheim. I Rotterdam og Den Haag har ein for eksempel glimrande oppsetjingar av moderne dans stadig, samt alskens konsertar og teater og slikt. For dei som vil utøva sjølv har TU Delft eit eige kultursenter der ein kan ta kurs i diverse instrument, dansing, handverk etc. Sjølv har eg teke afrikansk dans, jambetromming (afrikansk) og elektrisk gitar workshop. Det fins og eit sportssenter som visstnok skal vera bra.