Next: Konklusjon
Up: Erfaringsrapport frå Delft
Previous: Sosialt liv
Eit par erfaringar eg har gjort meg i løpet av opphaldet:
- Bankkonto må ein ha, og då er ABN Amro ein grei
bank. Postbanken bør boikottast. Dei lova meg ein konto og eg
fylde ut eit skjema. Etter nokre veker hadde ingenting hendt, så
eg gav opp og gjekk til ABN Amro. Dei skaffa konto på 10 minuttar.
- Ein skal vel egentleg registrera seg hos politiet, men det har
ikkje eg gjort. Det har gått bra likevel. Ei rundspørjing i det
norske miljøet viser at cirka 80% har registrert seg.
- Send adresse i Nederland og kontonummer til Internasjonal
Avdeling rett etter du har kome ned og ikkje langt ut i februar
- Skriv denne rapporten i januar og ikkje langt ut i mars
- Søk om studielån så tidleg så muleg så får du nok pengar
om hausten og ikkje langt ut i april
- Betal rekningar i tide så slepp du purregebyr og inkassokrav
- Skal du ta siviltjeneste etterpå er det best å ordna dette
før du dreg frå Norge og helst eit år eller to før du er ferdig
(og ikkje ein dag eller to som med meg)
- Begynn å skriva på diplomoppgåva litt før ei veke før
fristen
Next: Konklusjon
Up: Erfaringsrapport frå Delft
Previous: Sosialt liv
Thomas Oldervoll
1998-03-27