next up previous
Next: Sosialt liv Up: Erfaringsrapport frå Delft Previous: Språk

Studier

Professoren min ordna alt papirarbeid med universitetet, hybel etc og plasserte meg på eit kontor saman med ein av forskare på prosjektet eg skulle arbeida på. Med kontorplass får eg også sosial status på linje med dei ansatte sidan eg et lunsj saman med dei kvar dag. Alt i alt trur eg utvekslingsstudentar blir behandla eit hakk betre enn ``vanlege'' studentar.

Veiledaren min er ein doktorgradsstudent som jobbar med same emnet som meg, nemleg dialogkontroll for eit system der kundar ringjer til ei datamaskin og spør om rutetider for tog. Veiledaren min er difor engasjert i kva eg driv med, og me fungerer meir som kollegaer enn student/veiledar. No delar me også kontor etter ei mindre omstrukturering.

Tilgang på utstyr her er noko dårlegare enn eg var vant til i frå Trondheim. Alle maskiner er UNIX-maskiner, og dei kraftigaste ``servarane'' har 64 Mb minne. Til samanlikning har vier.idi.ntnu.no 508 Mb og storm.stud.ntnu.no 1 Gb. Driftsfolka her har heller ikkje same servicenivå som i Trondheim - plutseleg er det ikkje lenger noko sjølvfølge at alle tenkeleg program er installert på systemet. Til gjengjeld har dei eit gedigent bibliotek som iallfall for meg har mykje betre utvalg enn i Trondheim.

TU Delft er eit reint teknologisk universitet med fagretningar omtrent som på gamle NTH. med sine 13 000 er det det største teknologiske universitetet i Nederland. (For dei som vil ha meir trivia som dette kan eg anbefala Statistisk Årbok på http://www.bu.tudelft.nl/dib/statist/jaarboek.htm.) TU Delft har nok også vore rekna for det beste universitetet innan teknologi, sjølv om mange meiner dette ikkje lenger heldt stikk. For eksempel var det litt murring i gangane her på data då det vart publisert ei rankingliste over dei beste datauniversiteta (vurdert i undervisning og forsking) i Nederland og Delft berre kom på fjerde plass. Etter begge Amsterdam-universiteta (Vrije Universiteit Amsterdam og Universiteit van Amsterdam) og universitet i Utrecht. Men dei har utvikla speedstrips til skøyteløparar og vidareutvikla klappskøytene, så det må jo vera bra.


next up previous
Next: Sosialt liv Up: Erfaringsrapport frå Delft Previous: Språk
Thomas Oldervoll
1998-03-27