Nederlendarar er flinke i engelsk, så strengt tatt treng ein ikkje kunna nederlansk dersom ein ikkje skal føegja førelesingar. Det skulle ikkje eg, men eg valde likevel å ta eit to språkkurs. Kvart kurs varer ca 3 veker. TU Delft har laga ein eigen metode for språkkurs som dei er veldig stolte av. Denne går ut på å læra tekstar for å bygga opp ordforrådet. Ingen pugging av gloser og minimal grammatikk, men til gjengjeld hardt kjør med kurs to gangar om dagen fem dagar i veka og datatestar kvar dag. Eg lærte mykje, fort. Nederlansk er nemleg ganske greit å læra seg når ein er norsk, og spesielt dersom ein kan litt tysk. Dei som tek sommarkurs tek ialt fire kurs, trur eg, og kan dermed dobbelt så mykje som meg.
Timing er viktig, det må sjølv eg innrømma. Eg kom akkurat til semesterstart 1. september, men det viste seg å vera akkurat ei veke for seint. Nybegynnarkurset hadde akkurat begynt og eg måtte venta til ut i oktober før neste gong det vart halde. Det var litt dumt, for dermed begynte eg å snakka engelsk til naboane mine og alle eg vart kjent med, og det gjer eg igrunn mykje framleis. Paradoksalt nok snakkar eg kun nederlandsk med folk eg ikkje kjenner.