Hybel er fint å ha. I Delft er det litt lite av dei, iallfall i semesterstart. Difor var eg heldig som fekk ordna hybel gjennom professoren min (som ikkje er professor men amanuensis eller noko slikt, men nordmenn er jo ikkje så nøgne på titlar, har eg vorte fortalt). Rommet mitt er nemleg reservert for ERASMUS-studentar. Den vanlege måten å skaffa seg rom på er å gå på instemming, ein audition der alle som bur i leiligheten frå før pratar med alle som har lyst til å flytta inn og bestemmer seg for kven dei likar best. Gode sosiale evner vert altså belønna.
Rommet mitt er ca 15 kvadratmeter og møblert, og eg deler kjøken, stove og bad med 15 andre. For dette betalar eg 1.550 kr i månaden (+ 150 kr i purregebyr sidan eg alltid gløymer å betala). Det er omtrent som på Moholt, berre større. Det går faktsik veldig bra med 16 stykker saman - sidan sosiale reglar tilsei at par dusjar saman heldt det akkurat med to dusjar.