next up previous
Next: Hybel Up: Erfaringsrapport frå Delft Previous: Forberedelsar

Reise og ankomst

Eg tok fly frå Bergen til Amsterdam. Sidan eg bestilte flybilletten litt seint (dvs tre dagar før avreise) vart han noko dyrare enn det som var nødvendig, rundt 2000 kr om eg ikkje huskar feil. Vektgrensa for bagasje var vel strengt tatt 20 kg, men eg greidde å lura med meg 50 kg og er ganske stolt av det. Trikset er å unngå at bagasje vert veid saman - last dei tunge tinga i handbagasjen og spre resten over vanleg bagasje og spesialbagasje.

Frå flyplassen tok eg tog til Delft, og frå jernbanestasjonen tok eg togtaxi. Togtaxi har fast pris (ca 25 kr) og kan brukast frå ein jernbanestasjon til kvar som helst innanfor bygrensene, sånn cirka. Dermed vart eg bringa rett på døra og vart motteken av mine nye naboar. Enkelt og greitt.



Thomas Oldervoll
1998-03-27