next up previous
Next: Reise og ankomst Up: Erfaringsrapport frå Delft Previous: Erfaringsrapport frå Delft

Forberedelsar

Det gjekk overraskande enkelt å ordna opphaldet her. Eg hadde lenge tenkt på å ta diplomen i utlandet, men hadde ikkje bestemt meg for kvar. TU Delft var ein av plassane på lista sidan eg hadde lese om eit interessant prosjekt der mens eg jobba med ei prosjektoppgåve. NTNU og TU Delft har nære band, tidlegare gjennom Leuven-nettverket og no gjennom ATHENS-nettverket. I tillegg viste det seg at prof. Jan Komorowski på instituttet mitt kjente ledaren for prosjektet eg hadde lese om, aman. Leon Rothkrantz. Komorowski sendte ein email til Rothkrantz med forespørsel om eg kunne koma. Rothkrantz svarte positivt same dag, så då var det berre å begynna å gleda seg.

Eg fekk tilbud om språkkurs om sommaren, men dette tok eg meg ikkje råd til. Eg drog istaden til Oslo og utnytta den gode arbeidsmarknaden med ein overbetalt sommarjobb. Rothkrantz hadde skaffa hybel til meg i Delft, så det var ingenting eg måtte ordna. Eg las om Delft i ei brosjyre for utvekslingsstudentar eg fann på http://www.bu.tudelft.nl/ssc/brochur/gkb/homepage.htm. Då var eg igrunn rusta for alle praktsike detaljar.



Thomas Oldervoll
1998-03-27